PRAKTISK INFO KLÆR/UTSTYR/SNØRR
Ta gjerne med personlege ting til studio! Mitt råd er likevel at bilda ikkje blir overlessa med effektar, men at det kan vere ok å ha med leike, teppe, stol, blom etc. som friskar opp.
Bakgrunn og golv er kvitt, så fargen på effektane krasjar ikkje med noko! Klesmessig er det alltid lekkert med einsfarga toppar og blå dongeribukser. Kvitt og svart er alltid delikat slik at personane blir i fokus!
Prøv å unngå logo/mønster som er veldig 2010 i looken! Slik hindrar du at bilda så fort ser "gamle" ut.
Sokkar er aldri særleg sjarmerande på bilde. Barbeint er lekkert, eller ta med vaska sko som ikkje set merke på det kvite underlaget!
Hugs at det er lettare å fjerne snørr, skorper, matrester og leppestift på tennene før fotografeing enn etter... Passar du på deg sjølv og eventuelle yngre modellar undervegs med våtserviett og eit vakent blikk, blir resultatet best!
BETALING
Kontant eller BankAxept både i studio og ute.
LEVERING
DVD med alle fotografia + eventuelle redigerte levert per post innan to veker.
AVBESTILLINGSGEBYR
Avbestilling av time kostar 1000 kr uansett årsak, men kun 500 kr ekstra om du straks avtalar ny time! (Altså kostar det 500 kr å flytte timen dersom ein av dei involverte ikkje er i form, og de fryktar snørr og tårer på bilda.)
HER ER STUDIO I VILLA VESTREGATE
Vestregate 14 – gamal villa mot elva rett ved PP Senteret på Vestsida i Porsgrunn! Kartlenke finn du her!