Heim
Fotografering
Tips før fotografering
Redigering
Fotokurs
Bildegalleri
Prisliste
Kontakt

 

 

 

 

 

 

 

Redigering

 

 

ER DET VITS I Å REDIGERE BILDA?

Mitt svar er soleklart ja om du fyrst kostar på deg bilde hos fotografen!
På skulen kladda me stilen før innføring - og slik er det på mange måtar med bilda også.
Originalfilene (kladden) har det same innhaldet, men redigeringa (innføringa) får fram det beste i bildet. Hugs at originalfilene alltid blir betre med redigering.
Alle bilda i bildegalleria er redigerte!


10 REDIGERTE

Fotografering både i studio og ute inkluderar alltid 10 redigerte bilde.  Du eller eg plukkar ut dei beste, og desse 10 bilda blir redigerte (justering av utsnitt, kontrast, fargetemperatur, fjerning av støvflekkar etc.).


HJELP TIL REDIGERING

Kanskje har du klart for deg korleis bildet skal sjå ut, men treng hjelp til sjølve redigeringa? Ta med bilda, så gjer eg etterarbeidet mens du fortel kva du vil ha. 1000 kr/time.


KUN REDIGERING
Har du eit spesielt bilde som du vil gi nytt liv? Eg kan ikkje trylle, men falma papirbilde har ofte stort potensiale i seg til å sjå uforskamma mykje betre ut etter skanning og justeringar. 1000 kr/time.

 

 

© 2010 Fotograf Styrk Fjærtoft Trondsen   +47 48 48 48 50   post@styrk.tv   Vestregate 14   NO-3919 Porsgrunn