Har du kosta på deg eit skikkeleg bra kamera og vil bli ein betre fotograf? Kurset høver for deg som er interessert i fotografering og vil bruke kameraet ikkje einast på full automatikk. Her får du ein del teori, men aller mest praktiske råd om korleis du skal få dei bilda du er ut etter.
Kurset fører garantert til at du tek betre bilde om du i ettertid har tid og lyst til å praktiskere det du lærer! 6-timars kurs (sundag) i studio i Villa Vestregate. 1000 kr.
NESTE KURS
Snart kjem datoar for nye kurs i 2011!
Sundag 26. september 2010 frå kl 13 til 19 (fullt).
Sundag 24. oktober 2010 frå kl 13 til 19 (fullt).
Sundag 31. oktober 2010 frå kl 13 til 19 (fullt).
Styrk Fjærtoft Trondsens er kursleiar. E-post kurs@styrk.tv alt no om du vil på kurs. Bindande påmelding ved betaling av kursavgifta!